Sider

mandag 18. oktober 2010

Kreative formarbeider 5.okt

I dag skulle vi laga ein rankeform i ståltråd. Denne skulle ver tykkast på midten og tynnare ut mot endane, og kunne gjerna ha lange ”hale” i begge ender om det var ønskelig. Sjølve formen blei kun laga av ståltråd i ulike tykkelsar og inni formen bruka eg også ein del ståltråd og tvinte mellom den ytre formen slik eg seinare hadde noko å kunne festa lyng (erika), blader og lignande på den. Når sjølve formen som eg laga i ståltråd var ferdig dekke eg dei største ”flatene” på formen med grøne blader, før eg satte i gang med å dekka  heile formen med lyng. For å festa på lyng på heile formen bruka vi ein vikletråd å surra lyngen på med.



Når heile formen var dekka med lyng og var ”ferdig” skulle alle ta ein vikletråd å tre på masse kronbladar av roser tett i tett på denne vikletråden. Denne ”snora” med roseblad skulle vi bruka som ein dekor på arbeidet til slutt. Ein kjempe kjekke dag og lærerik dag der vi har lært ein kul teknikk som lett kan brukast til for eksempel brudebukett. Vi laga også fleire ting av lønneblader, for å lære teknikken laga vi først nokon "dyr" med denne brette teknikken, så etterpå laga vi lange ranker på ca 3 meter og surra desse til feks ein "vase".

1 kommentar: