Sider

mandag 27. september 2010

Brudebukett

13 september begynte vi på forberedelser til å laga brudebuketten vi skulle lage seinare i uka. Denne dagen her lærte vi å stifte roser å laga "mellomstikk" til å ha mellom blomstene i brudebuketten. Eg begynte først med å stella rosene som eg skulle bruka i buketten min, eg fjerna alt av blader og torner på dei og tok vare på bladene til rosene fordi dei skulle eg bruka å laga "mellomstikk" med. Det var veldigt viktigt at eg holdt bladene fuktige heile tida mens eg arbeida slik dei holdt seg pene. Rosene skulle også stiftast og det var viktigt at dei ikkje tørka ut. Når vi stifta rosene og roseblada brukte eg ståltråd og blomstertape.
Når alt grønt og rosene var stifta skulle eg laga brudebuketten. Læreren hadde på forhånd bestemt at alle skulle laga ein "paraplyforma" bukett. Og når eg laga denne måtte eg bøya til "stilken" på blomster i ein vinkel slik at eg klarde forma buketten slik den skulle ver. Når buketten hadde fått den rette formen måtte eg avslutta meg grønne blader under.
Når buketten var ferdig fikk vi sjølv få lov til å velga korleis vi ville bygga ut buketten. Eg valte derfor å laga ein stjerneform som eg skulle setta buketten min oppi og festa alt slags grønt materialer i denne stjerneformen.

1 kommentar:

  1. Fint resultat du fikk. Veldig god form på buketten din :)

    SvarSlett