Sider

tirsdag 19. oktober 2010

Utplassering 19.okt


I dag var det ein ny dag utplassert i bedrift. Eg har nå valt meg mål med PTF perioden min og har i dag arbeida med det eine målet mitt. "Eksprimentera med ulike teknikker, material og farger innen blomsterdekoratør faget". Eg har i dag arbeida meg vikletråd og pinner heile dagen :) Har laga "persiener" som hang fra taket og nedover, fikk bare tid til å laga den ca ein meter lang nedover, siden det trang ein del tid å festa kvar pinne. Syns reslutatet blei kjempe kult!

mandag 18. oktober 2010

Kreative formarbeider 8. okt

I dag var det siste dagen meg Tommy Eide, komme til å savna å ha han her, fått lært mye og lagt mye kjekt sammen med han.  Vi begynte dagen meg å laga eit arrensjement. Dette lagte vi av rester av ting vi hadde brukt tiligare i uka, som rester av erikaplanten (lyng), vikletråden til å festa og vikle ting inn i, orkidè, og visne blader, dette er eit produkt som kan tørkast og ein kan ha til pynt veldigt lenge. Resultatet blei veldigt kult.

Vi laga også slike tre som vi laga dagen før, men i dag skulle vi festa treet i ein blikkboks, eller var teknikken heilt lik som dagen før.

”Landart” og tre 7.okt

Veret lysna opp og i dag skulle vi ut å arbeida litt med landart. Eg arbeida på gruppa med Astrid, Inger Kristine og Hanne. Vi sleit veldig med å få laga noko spesielt denne dagen, så vi endte eigentlig opp meg fleire litt uferdige arbeider og ideer. Vi gjekk inn igjen på skulen etter storefri, da lærte vi korleis vi kunne laga nokon kule tre med vikletråd. Desse trea vert skikkeligt tøffe syns eg, alle brukte samme teknikk for å laga dei, men alle sine tre såg forskjellige ut. For å gjer trea meir personlige kan ein forsempel, spraylakera dei, putte på bær, og andre ting på det, men eg valte å ha mitt utan nokon ting for eg like utsene på det akuratt slik det var.


Kreative formarbeider onsdag 6.okt


I dag var det nokk ein dag med vikletråd arbeid, skal  vertfall få brukt vikletråd denne uka J.  Dag var det hjerter som stod for tur, vi skulle eigentlig vert ute i dag og arbeida litt med ”landart” men pga veret skulle vi heller utsetta denne turen til torsdagen. Det første vi begynte meg når vi skulle laga desse hjertene var å finne ein heilt ny rull med vikletråd, dra ut heile snella med vikletråd, så var det berre å begynna å forma dette ”kaoset” av vikletråd til eit hjerta. I begynnelsen såg dette ein smule håplaust ut, men etter å ha arbeida ei lita stund med deg det begynte det å ta formen til eit hjerta. For å at formen skulle bli litt fastare surra vi nokon av ståltråande saman nokon plasser rundt forbi i hjerta.  Når formen var på plass skulle vi beynna å dekorera, da brukte vi lyng og orkidèer. Eg brukte mye av dette inni sjølve hjerta slik det fikk ein betre dybde heile hjerta.
Vi laga også nokon "kranser", lærte ein teknikk å binde saman kongler på. Eg pynta litt med forskjellige strå, og lyng

Kreative formarbeider 5.okt

I dag skulle vi laga ein rankeform i ståltråd. Denne skulle ver tykkast på midten og tynnare ut mot endane, og kunne gjerna ha lange ”hale” i begge ender om det var ønskelig. Sjølve formen blei kun laga av ståltråd i ulike tykkelsar og inni formen bruka eg også ein del ståltråd og tvinte mellom den ytre formen slik eg seinare hadde noko å kunne festa lyng (erika), blader og lignande på den. Når sjølve formen som eg laga i ståltråd var ferdig dekke eg dei største ”flatene” på formen med grøne blader, før eg satte i gang med å dekka  heile formen med lyng. For å festa på lyng på heile formen bruka vi ein vikletråd å surra lyngen på med.



Når heile formen var dekka med lyng og var ”ferdig” skulle alle ta ein vikletråd å tre på masse kronbladar av roser tett i tett på denne vikletråden. Denne ”snora” med roseblad skulle vi bruka som ein dekor på arbeidet til slutt. Ein kjempe kjekke dag og lærerik dag der vi har lært ein kul teknikk som lett kan brukast til for eksempel brudebukett. Vi laga også fleire ting av lønneblader, for å lære teknikken laga vi først nokon "dyr" med denne brette teknikken, så etterpå laga vi lange ranker på ca 3 meter og surra desse til feks ein "vase".

tirsdag 5. oktober 2010

Krative formarbeider

Denne uka skulle vi ha besøk av Tommy Eide som skulle bli med oss å arbeida med kreative formarbeider. Den første dagen lagte vi forkskjellige ting, og materialet vi brukte mye/mest av denne dagen var vikletråd. Bilder av dei tinga eg laga den første dagen han var her.    (dårli bildekvalitet, glemte kamera denne dagen, så bruke mobil :s )

Her har eg laga ein "bordpynt" eller noge. For å laga denne har eg bruka vikletråd som eg har surra rundt eit reagensglass for så å klemme "sirklene" flate og bruka di til å laga ein stor rund form som eg bøyde til slik den fikk formen over. Bildet under viser korleis det såg ut undervegs (Bildet er lånt av Hanna, siden eg glemte å ta bilde undervegs sjølv).
Eg prøvde meg også på å "dekorera" ein vannholder med ståltråd. Først laga eg den heilt enkel og deretter bygde eg på den slik den fikk tre "bein".




Vi fikk også læra korleis vi kunne lage kule "insekter" som vi feks kan bruka i ein bukett eller andre ting. For å laga dette "dyret" brukte eg ein enkel ståltråd inni og la gress rundt den og surra det sammen med ein vikletråd. Øynene laga eg av buljongtråd.

Vi fikk også prøve oss på å laga "fisker",for å laga denne dro eg ut ei heil snelle med vikletråd. Så forma eg den etterpå som ein fisk.

Denne dagen var utruligt kjekke!


fredag 1. oktober 2010

Bordderkorasjon til brullup

I dag skulle vi laga borddekorasjon til et bryllup, den skulle være lang men ikkje får bred. Vi laga den i fine hørst farger. Vi brukte 3 gradiolus, 7 gule Jlios roser, 3 orange tropical amazone roser, 3-4 typha, clemalis greiner, eføy greiner og bjørne gress. Det skulle være totalt 6 borddekorasjoner og en alter dekorasjon. Vi arbeidet samen to og to sånn at alle skulle få være med å delta. Eg arbeida då saman med Astrid!
Synes de ble veldig flotte og spennede å få være med å lage dekorasjoner til et bryllup : )